Herner-saken i Ørsta: -Nytt positivt funn alle levninger av savnede Maja (25) er funnet melder politiet.

NORGE: (24/7 NYHETER.NO) – Etter positive søk under «Storeniven» måndag 13. juli er no alt vesentleg av leivningar funne etter Maja Justyna Herner som vart sakna i fjella ovanfor Ørsta sentrum på Sunnmøre 21. november 2018. Vi har også funne mobiltelefonen og klokka hennar, seier politiinspektør Yngve Skovly.
Av: Sandor Dahl, Journalist   2020-07-13 14:05:15 
  Sist oppdatert 2020-07-13 14:16:31 

Søka måndag vart utført i same fjellpartiet som det tidlegare har vore gjort funn av leivningar. Dei positive funna i dag medfører at sjølve søksarbeidet no kan avsluttast, skriver politiinspektør Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt i en pressemelding.

– Leivningane som vart funne vert rutinemessig sende til Gades Institutt i Bergen for DNA-analyse, og det er ingen grunn til å endre på at dødsårsaka skuldast skader etter eit fall frå stor høgde, seier Skovly. 

Det var fredag den 5. juni rundt klokka 19.00 at politiet fekk melding frå ein mann om funn av leivningar oppe i terrenget under fjellpartiet Nivane i Ørsta. Desse vart 16. juni stadfesta å vere frå polske Maja Justyna Herner (25) som forsvann 21. november 2018.

I takt med at snøen har smelta har det vore nye søk i terrenget, leia av politiet med bistand frå lokal bratt lendegruppe i Røde Kors hjelpekorps. Søka har vorte gjennomført utan vesentlege funn. Så torsdag kveld 18. juni, litt over klokka 21:30, fekk politiet inn melding frå ein mann som hadde vore under fjelltoppen Store-Niven. Hans observasjonar gjorde at politiet seinare meldte om eit gjennombrot i leitinga etter den sakna. Denne funnstaden av fleire leivningar etter den avdøde låg på mellom 750 og 800 moh, i same området som ein var i gang med å undersøke, seier Skovly i pressemeldingen.

Etter funnet måndag 13. juli kan vi no gå inn i fasen der politiet kan avslutte saka, som i så stor grad har oppteke lokalsamfunnet i Ørsta og mange andre som har følgt den over tid.

– Vi som har arbeida med den gjennom desse åra har vore opptekne av å finne svar, ikkje minst til dei pårørande om kva som kan ha hendt Maja. Pårørande og den polske ambassaden har heile tida vorte orientert om utviklinga i saka, avsluttar politiinspektøren.

- - - - ANNONSE - - - -