Debatt:

Covid-19 stanser ikke politiet i Vest fra og håndtere oppdrag

Morten Ørn, driftsenhetsleder i Bergen, Askøy og Øygarden i Vest politidistrikt. Foto: Politiet.

BA si nyheitssak om at politiet ikkje tør rykke ut på grunn av frykt for smitte er direkte feil.

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Avisa-Vests kommentatorer, redaktør og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Tysdag blei lesarane av BA presentert med overskrifta «Masseslagsmål og neddoping, men politiet tør ikkje være til stede: – De er ikke vaksinert».  I artikkelen er politistasjonssjef i Bergen sør, Ronny Øvrebotten, og underteikna sitert. Både av overskrift og tekst etterlet lesarane med eit ukorrekt inntrykk av dei vurderingane politiet gjer. BA har latt vere å ta med viktige nyanseringar og lagt for stor vekt på politiets smittevernvurderingar og det faktum at vi ikkje er vaksinert.

Politiet har rykka ut til russefestar gjentatte gangar, også etter at MC-ramane ringte politiet om hjelp. Rett nok tok det litt tid, men det hadde ingenting med smittevernvurderingane å gjere.  Vi forsøkte å nyansere bildet og gi ein korrekt framstilling av dei vurderingane politiet gjer i ulike type oppdrag, men dette blei ikkje tatt med i artikkelen.

Smittevern, ikkje smittefrykt

I likskap med mange verksemder har politiet sine eigne smittevernrutinar i tillegg til nasjonale og lokale råd og forskrifter. Dette inneber mellom anna at vi gjer vurderingar om når publikumsekspedisjonar skal haldast open, at møter gjerast digitalt, om politiet skal drive førebyggjande arbeid på skular med rødt eller gult nivå, kva personar som skal inn til fysisk avhøyr, kven som skal ha heimekontor, korleis materiell og køyretøy skal desinfiserast osv.  I dei konkrete ordensoppdraga gjerast det vurderingar knytt til smittevern, men det inneber ikkje at politiet let vere å rykkje ut når det er behov. Det handlar om korleis vi skal oppføre oss for å sikre best mogleg smittevern under dei ulike oppdraga.

Frårådd, men ikkje ulovleg

At politiet ikkje er like aktivt førebyggjande til stades hos russen i år heng saman med dei råd som FHI og regjeringa har gitt russen om korleis dei skal feire. Feiringa vi ser mellom anna i Hordnesskogen bryt med desse råda.  Politiet kan berre handheve pålegg, ikkje råd. Kven som er i kva kohortar, om det er to meter mellom 20 personar etc. er også vanskeleg å bruke som bevis når folk er i konstant bevegelse.

Politiets dilemma

Politiet kjem samstundes i eit dilemma om vi skal legge til rette for å beskytte ein aktivitet som myndigheitene har frårådd og som ligg i grenseland om det er lovleg. Dersom politiet tek på seg ein aktiv rolle knytt til denne typen festing, kan det fort oppfattast som at vi legitimerer festinga og vil ikkje vere forsvarleg bruk av fellesskapets midlar. Vi prioriterer difor dei mest alvorlege meldingane som handlar om liv og helse på desse festane. Og når vi kjem, må vi vere tilstrekkeleg mange tenestepersonar til stades for å unngå at situasjonen eskalerer når vi kjem.

Parkfestane gir også politiet eit dilemma. Av omsyn til smittevernet er det betre å møtast ute enn inne. Samstundes er det ikkje lov å nyte alkohol på offentleg stad som i parker etter alkohollova § 8-9. Difor har politiet valt å ikkje handheve drikkeforbodet isolert, men gripe inn ved alvorlege ordensforstyrringar og vald. Vi mottek klagar på støy knytt til utandørsfestinga, men mindre på festar som er innomhus. Men over halvparten av klagene på støy frå utandørsfestinga kjem før kl. 23.00 og er dermed ikkje forstyrring av natteroa. Slike klager blir høgare prioritert seinare på natta, men under oppdrag knytt til liv og helse.

Med fare for eiga tryggleik og helse

Det ligg til vårt samfunnsoppdrag og i vår ryggmarg å rykke ut når det trengs, sjølv om det kan medføre fare for eiga tryggleik og helse. Men vi må samstundes gjere det vi kan for å minske risikoen.  At BA setter fokus på politiet si manglande plass i den nasjonale vaksinekøen, er fortenestefullt. Vi får stadig spørsmål om kvifor vi ikkje er prioritert. Svaret på det ligg til helsestyresmaktene å grunngje. Vår rolle er å gi dei god informasjon om vår situasjon, så må vi må stole på at dei gjer gode og heilskaplege vurderingar for samfunnet ut frå den rådande smittesituasjonen, vaksinetilgang og kva grupper som haster mest å prioritere.

Vi har førebels ikkje hatt smitte blant våre tilsette som følge av oppdrag vi har vore på. Men sjølv om vi har gode smittevernrutinar må vi heile tida ta høgde for at vi risikerer å bli råka av smitte og karantenekrav. At polititilsette risikerer å smitte innbyggjarane når vi utfører jobben vår, er også noko vi må ha fokus på og gjere kva vi kan for å forhindre. Smittevern er difor eit moment som vurderast heile tida, men at vi er handlingslamma og ikkje tør sende mannskap på oppdrag gir eit unyansert og feil inntrykk.